Sel eigardelen i Offerdal kraftverk
Indre Ofredal. Foto: Sognekraft/Ola Skram
Årdal Energi har vedteke å selje sin eigardel på 10 prosent i Offerdal Kraftverk.
– Det er ikkje noko dramatikk i dette. For vår del er dette ei strategisk vurdering av kapitalbruk og risiko. Dette er eit stort prosjekt som vil binde kapital over lang tid. Me ønskjer difor å prioritere våre eigne heileigde prosjekt, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi.
Tidlegare denne månaden annonserte Sognekraft at dei har teke ei investeringsavgjerd om å byggja ut Offerdal Kraftverk. Utbygginga skal vera den største enkeltståande økonomiske investeringa i Sognekraft si historie.
– Sognekraft gjer sine vurderingar basert på sine føresetnader og roller i prosjektet. Dette er eit viktig prosjekt for Årdal kommune og som vil gje positive ringverknader. Samstundes må me prioritere dei prosjekta som gir størst samla verdi for oss, seier Smedegård.
Vedtaket om å selje eigardelen vart fatta samrøystes av styret etter ei samla vurdering.
– Det var ikkje ei enkel avgjerd. Me har hatt ein god dialog med Sognekraft gjennom prosessen, og ser fram til å følgje prosjektet vidare. Me er trygge på at me vil ha eit godt samarbeid med Sognekraft også i framtida, seier Smedegård.
Erlend Bårgard, konserndirektør i Sognekraft Produksjon, seier dei har full forståing for vurderinga Årdal Energi har gjort.
– Me set pris på det gode samarbeidet me har hatt i utviklingsfasen av prosjektet. Offerdal kraftverk er eit prosjekt som vil medføra stor verdiskaping regionalt og lokalt, både gjennom byggjetida og på lang sikt. Me ser fram til godt samarbeid vidare med Årdal Energi i andre samanhengar, og gler oss til byggjestart, seier han.
Sognekraft eig no 100 prosent i Offerdal Kraftverk og er venta starta bygginga innan kort tid.