Personvern
Årdal Energi Holding har som mål å behandla personopplysningar med respekt og varsemd.
For å kunna tilpassa informasjon og oppfølging individuelt, ber me om firmanamn og kontaktinformasjon ved førespurnadar via nettstaden ardal-kraftlag.no.
Me utleverer ikkje denne informasjonen til andre, og du kan til ei kvar tid be om innsyn i kva informasjon som er lagra på deg eller ditt firma, og dessutan at informasjon om deg og ditt firma vert sletta.
Informasjonskapslar
Årdal Energi Holding bruker informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.
Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace Analytics, Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande bruker nettsida. Vi bruker denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
Eigar: Meta, LinkedIn
Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse marknadsføring på Facebook, Instagram og LinkedIn.
Eigar: Vimeo, YouTube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.
Kameraovervaking
Årdal Energi nyttar kameraovervaking ved bygget på Utladalsvegen 1, Øvre Årdal. Årdal Energi Holding AS er behandlingsansvarleg for kameraovervakinga.
Bygget har vore utsett for innbrot og hærverk. Kameraovervakinga skal førebyggje og oppklare slike hendingar, og er heimla i vår interesse i å verne bygg, utstyr og køyretøy, jf. personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav f.
Sju kamera dekkjer ytterdørene på hovudbygget, innkjøringa, tilkomsten til lageret og bilparken. Eitt av kamera les registreringsnummer på køyretøy.
Opptaka blir sletta automatisk etter 7 dagar, med unntak av utdrag som trengst for å undersøkje ei konkret hending.
Tilgangen til opptaka er avgrensa til eit fåtal personar med tenestleg behov. Opptaka blir berre brukt til å undersøkje innbrot, tjuveri eller hærverk. Dei blir ikkje delt med andre enn politiet, og berre ved mistanke om straffbart forhold.
Du kan be om innsyn i opptak der du kan identifiserast, og om sletting dersom me ikkje har grunnlag for å halde på dei. Du kan klage til Datatilsynet.
Spørsmål kan rettast til konsernsjef Jan Stian Smedegård, janstian@ardal-energi.no.