Over 90 år med historie
Årdal Energi har vore meir enn berre ein leverandør av elektrisitet. Me har vore ein pådrivar for vekst, utvikling og samfunnsansvar.
Årdal Energi Holding AS er ein aktiv pådrivar for berekraftig energiutvikling og lokal verdiskaping. Berekraft er integrert i konsernet sin strategi og forankra i det oppdaterte føremålet vårt. Gjennom ansvarleg eigarskap, målretta investeringar og effektiv drift skal konsernet bidra til økonomisk, miljømessig og sosial berekraft i Årdal. Som eigd av Årdal kommune har konsernet eit særleg ansvar for å balansere avkastning, samfunnsoppdrag og langsiktig utvikling av lokal infrastruktur og kompetanse.
Berekraftsmål
Berekraft er ein integrert del av konsernet si styring. Arbeidet vårt er forankra i tre av FNs berekraftsmål:
7 Rein energi til alle
Me skal sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til konkurransedyktige prisar. Gjennom Årdal Energi Produksjon held konsernet fram arbeidet med utvikling av nye vasskraftprosjekt og styrking av lokal fornybar produksjon.
9 Industri, innovasjon og infrastruktur
Me utviklar framtidsretta infrastruktur og legg til rette for berekraftig næringsutvikling og digitalisering. Gjennom nett- og breibandsverksemda bidreg konsernet til trygg leveranse og digital utvikling i kommunen. Digitalisering av arbeidsprosessar og system har gitt betre samhandling, høgare effektivitet og redusert miljøbelastning.
11 Berekraftige byar og lokalsamfunn
Me bidreg til eit trygt, inkluderande og attraktivt lokalsamfunn gjennom arbeidsplassar, samarbeid og lokal verdiskaping. Me er ein motor i lokalsamfunnet, og sponsorarbeidet er strukturert gjennom felles retningslinjer og tydelegare mål for lokal verdiskaping. Som ansvarleg eigar stiller konsernet krav til leverandørar når det gjeld arbeidstakarrettar, etiske standardar og berekraftige løysingar, og arbeider kontinuerleg med å styrkje oppfølginga av leverandørkjeda.
Redegjering etter openheitslova
Årdal Energi Holding er omfatta av openheitslova. Lova skal fremja respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold, og sikra openheit om korleis verksemder arbeider med desse spørsmåla.
Som ein del av dette arbeidet gjennomfører me årlege aktsemdsvurderingar knytt til eiga verksemd, leverandørar og forretningspartnarar. Målet er å identifisera, førebyggja og handtera eventuelle negative konsekvensar for menneskerettar og arbeidsforhold.
Under finn du vår årlege redegjering etter openheitslova. Dokumentet gir innsyn i korleis me arbeider med ansvarleg forretningsdrift, kva vurderingar som er gjennomførte og kva tiltak som er sette i verk.
Dersom du har spørsmål om arbeidet vårt etter openheitslova eller ønskjer meir informasjon, kan du ta kontakt med oss på e-post: post@ardal-energi.no.