Sponsor
Årdal Energi Holding er ein viktig del av lokalsamfunnet, og me ønskjer å gje noko tilbake til bygda vår. Via dotterselskapa våre støttar me opp om lag, organisasjonar og arrangement som bidreg til fellesskap, aktivitet og utvikling.
Me legg særleg vekt på tiltak som rettar seg mot barn og unge, idrett, kultur og frivillig arbeid. I tillegg legg me vekt på prosjekt som fremjar berekraft, miljø og mangfald.
Me gir ikkje støtte til:
Tiltak som fell inn under offentlege oppgåver
Kulturminnebevaring, infrastruktur eller forprosjekt
Politiske eller religiøse organisasjonar
Enkeltpersonar (unntak kan gjerast for ambassadøravtalar)
Korleis fungerer sponsinga?
Alle søknadar blir vurderte av Årdal Energi-konsernet sitt sponsorutval, som sikrar at sponsormidlane blir fordelt rettferdig og strategisk.
Søknader om inntil 15.000 kroner blir handsama fortløpande, medan større sponsoravtalar blir vurderte etter ei grundigare prosess.
Kva forventar me av sponsormottakarar?
For at sponsinga skal gje verdi for begge partar, stiller me krav til synleggjering av samarbeidet. Dette kan inkludere:
Logoeksponering på drakter, skilt og nettsider m.m.
Tagging og omtale i sosiale media.
Deltaking på sponsortreff og arrangement.
Levering av ein enkel rapport om bruken av midlane.
Korleis søkjer du?
For å søkje om sponsing, fyll ut vårt elektroniske søknadsskjema. Her må du gje informasjon om organisasjonen din, budsjett for tiltaket og korleis Årdal Energi, via våre dotterselskap som gjev støtte, kan bli synleg i samarbeidet.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på sponsor@ardal-energi.no.