Ladestasjonane i Årdal får ny profil

Ladestasjonane våre på torget i Øvre Årdal og på Årdalstangen skiftar no namn og profil.

Etter at Recharge har sagt opp avtalen med Årdal Energi, tek Current over drifta av ladestasjonane.Omprofileringa er allereie i gang, og i løpet av dei næraste dagane vil Recharge-profileringa bli fjerna.

Frå måndag vil Current vera synleg på ladestasjonane.

For deg som kunde betyr dette først og fremst ei endring i kva app du må bruke for å lade bilen.

– Me håpar overgangen til Current skal gå så smidig som mogleg. Samstundes kan det oppstå enkelte tekniske utfordringar i samband med omprofilering og overgang til nytt system. Me beklagar eventuelle ulemper dette kan medføra, seier Jan Stian Smedegård, konsernsjef i Årdal Energi.

Han understrekar samstundes at hurtigladarane til Tesla på Jotunplassen ikkje blir råka av endringa og vil fungera som normalt.

Årdal Energi har også ladestasjon på Hjelle i Øvre Årdal. Denne ladestasjonen er allereie kopla til Current-systemet og blir difor ikkje påverka av overgangen.

Kva betyr dette for deg?

  • Recharge-appen vil ikkje fungera på Årdal Energi sine ladestasjonar på torget i Øvre Årdal og på Årdalstangen

  • Du må lasta ned og registrera deg i Current-appen

  • Ladestasjonane vil få ny profilering frå måndag

  • Sjølve ladarane og plasseringane er dei same som før

  • Tesla-ladarane på Jotunplassen blir ikkje påverka av endringa

  • Ladestasjonen på Hjelle brukar allereie Current-systemet i dag

Neste
Neste

Sel eigardelen i Offerdal kraftverk