Ny logo for Årdal Energi
Med ny logo og ny visuell profil ønskjer me å tydeleggjera både historia vår og retninga framover.
Årdal Energi kan sjå tilbake på over 90 år med historie. Sidan oppstarten i 1933 har selskapet vore ein viktig del av utviklinga i lokalsamfunnet. I dag er Årdal Energi eit konsern med seks dotterselskap innan kraft, nett, fiber og TV, programvareutvikling og fornybar energiproduksjon.
Inspirert av naturen rundt oss
Den nye logoen er inspirert av landskapet rundt Sognefjorden og dei karakteristiske fjellformasjonane som omkransar dei indre fjordarmane. Dei djupe dalføra og dei alpine fjella rundt Årdal og Utladalen har vore ei viktig inspirasjonskjelde i utforminga av symbolforma.
Den nye logoen er inspirert av landskapet rundt Sognefjorden og dei karakteristiske fjellformasjonane som omkransar dei indre fjordarmane og djupe dalføra.
Saman med logoen kjem også eit nytt fargesystem og nye typografiar. Den visuelle profilen byggjer på ein mørk blå farge kombinert med lys gulgrøn og lys blå, som symboliserer natur, energi og vatn.
Tydlegare profil
Selskapet har fram til no nytta seg av kommunevåpenet til Årdal kommune. Med ny logo ønskjer me å tydeleggjera skiljet mellom kommunen og energikonsernet. Logoen og den visuelle profilen er utvikla lokalt av Adundas Design, som også har designa fleire av dei andre logoane i konsernet.
Målet har vore å skapa ei heilskapleg profilering som fungerer på tvers av alle selskapa i Årdal Energi.
Logoane til fem av selskapa i konsernet. Frå venstre: Årdal Kraftlag, Straumnett, Årdalsnett, Enduser og Sogn Miljøkraft.
Gradvis omprofilering
Innføringa av den nye profilen vil skje gradvis i tida framover med nytt skilt på bygget i Utladalsvegen 1, oppdaterte nettsider og oppdatert grafisk materiell i heile konsernet.
Med ny logo på plass tek Årdal Energi eit nytt steg i utviklinga av konsernet, og har blikket retta mot framtida.