Årdal Industripark tek form

Spennande nyhender: Christian Sønstlien, ordførar i Årdal kommune, Anveig Bjordal Halkjelsvik, fabrikksjef ved Hydro Aluminium i Årdal og Jan Stian Smedegård, konsernsjef i Årdal Energi Holding, orienterte Årdal Næringssamskipnad om etableringa av Årdal Industripark torsdag kveld. (Foto: Are Indrelid)

Eit breitt samarbeid mellom Hydro Aluminium, Årdal Energi, Årdal kommune og Årdal Utvikling skal gje fart i næringsutviklinga i Årdal.

Gjennom etableringa av Årdal Industripark får bygda eit framtidsretta verktøy for å tiltrekkje seg teknologi og industriverksemder, og skape nye arbeidsplassar.

Ambisiøse mål

– Dette handlar om å løfte Årdal vidare i lag. Me treng eit felles verktøy for å møte industriens behov, vere attraktive for nye aktørar og utvikle dei moglegheitene som ligg her. Årdal Industripark skal vere det verktøyet, seier Geir Hansen i Årdal Utvikling.

Viktig verktøy: Geir Hansen snakkar om Årdal Industripark som eit viktig verktøy for å møte industriens behov i framtida. (Foto: Morten Sortland)

Når me snakkar om Årdal Industripark, meiner me ikkje eit konkret geografisk område. Me snakkar om eit nytt utviklingsselskap som skal samla krefter, byggja kompetanse og leggja til rette for etableringar og vekst i heile Årdal, både i eksisterande og nye næringsmiljø.

– Målet er å skape 50 nye arbeidsplassar innan utgangen av 2027, få på plass nye verksemder og etablere pilotar og samarbeid mellom bedrifter innan grøn industri og teknologi, seier Hansen.

Lyser ut stillingar

Årdal har tilgang på fornybar energi og solid kompetanse, og industriparken skal vere ein arena for å foredle desse fortrinna vidare. Dette heng også saman med Årdal si rolle som ein av fem industrihubar i satsinga Grøn Region Vestland.

– Snart blir det lyst ut to stillingar knytt til industripark-satsinga. Desse skal drive utviklingsarbeidet vidare og jobbe målretta med etableringar og tilrettelegging, seier Hansen.

Hydro Aluminium har vore ein viktig partnar og pådrivar i prosessen mot denne etableringa.

– Me ser på industriparken som eit viktig bidrag for å styrke lokalsamfunnet i Årdal si utvikling og styrke næringsmangfaldet for 120 år med ny industriutvikling. Tilgang til rett kompetanse vil vere ein av våre største utfordringar i framtida, og med fleire bedrifter i bygda vil det også vere meir attraktivt og kome til Årdal, seier Anveig Bjordal Halkjelsvik, fabrikksjef ved Hydro Aluminium i Årdal.

–  Det er òg viktig for aktørane at utviklinga i industriparken støttar opp under grøn omstilling gjennom gjenbruk og samspel mellom bedriftene, legg ho til.

Bygg blir aksjekapital

Gjennom ein retta emisjon på om lag 45 millionar kroner blir det tilført både bygg og frisk kapital. Dette gir industriparken eit solid økonomisk fundament. Hydro, Årdal Energi og Årdal Utvikling vil vere eigarar, utan at nokon av dei får majoritetseigarskap.

– Målet er at dette skal vere eit verkemiddel i utviklinga av ny industri i Årdal og for å lukkast med grøn omstilling. Me ser at det er behov for ein aktør som kan ta tak i areal, bygg og infrastruktur for å gjennomføre investeringar og tiltak som kommunen eller andre i dag ikkje ser som si oppgåve eller har moglegheit til, seier Geir Hansen.

I første omgang skal tre bygg tilførast som eigenkapital; Hydro sitt bygg som inneheld kontor, kantine og lager i Øvre Årdal, Årdal Energi sitt bygg i Utladalsvegen 1 og Årdal Teknologipark. Desse bygga gir både inntekter og utviklingspotensial, og legg grunnlaget for framtidige investeringar. Formell overtaking av bygga skjer etter planen 1. august 2025.

– Årdal Industripark vil vera ei vidareutvikling av dagens Årdal Teknologipark og skal byggje vidare på det sterke teknologimiljøet i Årdal. Me forpliktar oss til å jobbe saman og dra i same retning. Det er slik me kan skape reell verdi for Årdal og tiltrekkje ny industri, avsluttar Jan Stian Smedegård i Årdal Energi.

Kortversjonen

·         Årdal Industripark blir etablert som eit utviklingsselskap gjennom samarbeid mellom Hydro, Årdal Energi, Årdal kommune og Årdal Utvikling.

·         Industripark-satsinga handlar ikkje om eit fysisk avgrensa område, men eit utviklingsselskap som skal ha økonomiske musklar, bygg- og infrastruktur og kompetanse til å styrke Årdal vidare.

·         Målet er å skape 50 nye arbeidsplassar innan 2027, og tiltrekkje grøn industri og teknologi.

·         Det blir snart lyst ut to stillingar som skal driva prosjektet framover.

·         Industriparken skal fungere som verktøy for næringsutvikling, eigedomsforvalting og tilrettelegging for nye aktørar.

·         Prosjektgruppa består i dag av Harald Husabø frå BDO som leiar, samt Are Indrelid frå Hydro Aluminium, Per Gullaksen frå Hydro Energi, Jan Stian Smedegård frå Årdal Energi og Geir Hansen frå Årdal Utvikling.

Neste
Neste

Fem damer og fem tiår – sterke kvinner i Årdal Energi