Openheit

Årdal Energi Holding legg stor vekt på openheit og informasjon.

Me er forplikta til å følgje gjeldande lover og reglar, inkludert openheitslova. 

Me kjøper tenester frå ulike leverandørar, og dei aller fleste av desse er lokale eller norske firma. Me har god dialog med leverandørane og har tillit til at dei følgjer lovar og reglar knytt til menneskerettar og arbeidsforhold.

Me stiller strenge krav til dei internasjonale leverandørane våre, og krev at dei følgjer internasjonale standardar for menneskerettar og arbeidsforhold.

Årdal Energi Holding AS er underlagt reglar for offentlege innkjøp, og då vil arbeidet/tenesta bli lyst ut via anbod- eller tilbodskonkurranse.
Dette er strengt regulert, og useriøse aktørar vert avvist.