Om endringa av Årdal Energi KF

På grunn av ein endring av Energilova, er det ikkje lenger lov for eit selskap å driva med drift av straumnett og sal av kraft/straum i same selskap.

Frå og med 1. juli 2019 vart Årdal Energi KF splitta i to nye selskap.  Årdal Energi Nett AS (drift av straumnett) og Årdal Kraftlag AS (kjøp og sal av kraft/straum).

  • Dei kundane som er både kraftkunde og nettkunde i dei nye selskapa, får faktura frå Årdal Kraftlag AS.

  • Dei kundane som ikkje kjøper krafta/straumen sin hjå Årdal Kraftlag AS, mottek faktura på nettleiga frå Årdal Energi Nett AS.

“Min Side” har pga endringa vorte delt i to (“Min Side” Årdal Energi Nett og “Min Side” Årdal Kraftlag). For å kunne nytta seg desse, må ein oppretta ny brukar på begge to selskapa. Vidare veiledning om korleis du opprettar ny brukar, finn ein på “Min side” på heimesida til begge selskapa.

Begge dei nye selskapa er heileigde av Årdal kommune gjennom kommunen sitt selskap Årdal Energi Holding AS.

Gå til nettsider:

Årdal kraftlag - kjøp av kraft/straum

Årdal Energi Nett - alt rundt nettdrift, målaravlesing