Har inngått samarbeid med Hydro Rein

Årdal Energi Holding og Hydro sitt fornybarselskap har signert intensjonsavtale om utvikling av fornybare prosjekt i Årdal.

FORNYBAR ENERGI: Årdal Energi Holding og Hydro Rein skal utforska moglegheiter for utvikling av fornybar energi i Årdal.

No skal partane setja seg ned å kartleggja kva behov industrien har og kva moglegheiter som finst for kraftutvikling i regionen.

– Denne avtalen er eit viktig steg i gjennomføringa av Årdal Energi sin strategi om å ta ein aktiv eigarposisjon i ny produksjon og nye energiformer. No får me draghjelp av ein betydeleg aktør i marknaden gjennom eit samarbeid med Hydro sitt dedikerte selskap for utvikling av fornybar energi, seier Jan Stian Smedgård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding.

– Årdal er ei av dei fremste grøne industriklyngjene i Noreg, med store moglegheiter i åra som kjem. Dei fremste bilprodusentane i Europa kjem til Årdal for å få metall med det lågaste CO₂-avtrykket i verda. Hydro Rein og Årdal Energi har eit felles mål om å bidra til meir industriutvikling i Årdal, seier Tor-Ove Horstad, leiar for Hydro Rein i Noreg.

118 års erfaring

Intensjonsavtalen seier at partane skal samarbeida om alle typar fornybare energikjelder.

– No skal me byrje i rett ende og undersøkje kva behov industrien har og kva moglegheiter som finst for kraftutvikling i Årdal. Slik kan me få mest mogleg kunnskap – også om dilemma rundt kraftutvikling. I dette arbeidet skal me sørgja for gode prosessar og ta vare på innbyggjarane og næringslivet sine interesser, seier Smedegård.

– Me gler oss til dette viktige samarbeidet med Årdal Energi om ny kraftproduksjon. Hydro har 118 års erfaring med å ta i bruk krafta til å skape industrimoglegheiter, og det har me god tradisjon for å gjere saman med sterke lokale partnarar slik som Årdal Energi, seier Horstad i Hydro Rein.

– Viktig å vere involvert

Partane har ikkje konkrete prosjekt å visa til enno, men skal bruke tida framover på å identifisere energiløysingar som kan bidra til nye, grøne industrietableringar og for å styrke eksisterande industri i Årdal.

– Me ønskjer å ta eit aktivt samfunnsansvar og me meiner det er viktig, som eit lokalt energiselskap, å vera involvert i prosessane med å utvikle fornybar energi i kommunen vår. Me vil ha ei hand på rattet for å sikra lokal styring – og sørgja for at krafta skal nyttast til industriføremål i Årdal, seier Smedegård.

– Etter at me fekk forslag til intensjonsavtale har me hatt grundige diskusjonar internt og saka har vore styrehandsama fleire gonger. For oss var det avgjerande å presisera at me vil undersøkja alle moglegheiter innan fornybar energi. Det er eit stort potensial i Årdal og mykje spennande me kan få til i det grøne skiftet.

– Leggja til rette for utvikling

Smedegård støttar opp om det lokalpolitikarane har uttalt at industri- og næringsaktørane må gjera greie for kraftbehova sine.

– Me vil leggja til rette for utvikling. Difor må me kartleggja kraftbehova og finna løysingar saman. Det er kunnskapen som styrer vegen vidare.

– No skal me saman utforske moglegheitsrommet for å levere løftet om å sikre meir fornybar kraft til næringsliv, industri og forbrukarar Årdal, avsluttar Horstad.

Om oss:

Årdal Energi Holding AS er heileigd av Årdal kommune. Konsernet skal vera ein pådrivar for å sikra og utvikla fornybar energi og infrastruktur til innbyggjarar og næringsliv i Årdal, og dessutan vera kommunen sitt fagmiljø på dette.

Hydro Rein er ein leiande leverandør av fornybare energiløysingar for ein meir berekraftig industri. Selskapet vart etablert av Norsk Hydro i 2021 og har 75 tilsette. Hydro Rein har ein mangfaldig portefølje på prosjekt innan fornybar energi, samt løysingar for energieffektivisering under utvikling i Noreg, Sverige, Danmark og Brasil.

Kontakt for media og presse:

Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding

Telefon: 480 31 258

E-post: janstian@ardal-energi.no

Anders-Berg Hansen, kommunikasjonssjef i Hydro Rein

Telefon: 92283178

E-post: anders.berg-hansen@hydro.com

Morten Sortland