Årdal Energi kjøper seg inn i Norsun

Holdingselskapet går inn med 10 millionar kroner og styrkar den lokale eigarskapen i Norsun.

– Dette inngår i vår strategi og satsingsområde innan fornybar energi. Norsun har nyleg gjennomført ein fullteikna emisjonsrunde. Dei ønskte sterkt å ha med oss på laget, og me meiner det er viktig å bidra med lokalt eigarskap, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding.

KJØPER SEG INN: Årdal Energi Holding går inn med 10 millionar kroner i Norsun. Jan Stian Smedegård, dagleg leiar, har trua på framtida til solcelleprodusenten. Foto: Morten Sortland

Gjennom eigenkapitalutvidinga har Norsun henta inn 90 millionar kroner.

– Me ser på det som veldig positivt at dei største eigarane, og dessutan ein aktør som Statkraft Venture er med på emisjonen. Det gir oss ei styrkt tru på planane for Norsun i Årdal, seier Smedegård.

– Viktig bedrift for Årdal

Det var eit samla styre i Årdal Energi Holding som gjekk inn for å kjøpa aksjar i solenergiselskapet.

– Det er alltid diskusjonar når ein gjer investeringar. Norsun er inne i ei krevjande tid, men me har tru på planane deira i Årdal framover. Norsun er per i dag einaste ingot- og waferprodusent i den vestlege verda, og utan solceller er det vanskeleg å nå dei fornybare måla som er sett, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Smedegård er klar på at Norsun er ein svært viktig næringsaktør i Årdal. Årdal Energi vert no den sjette største aksjonæren i selskapet med 4,2 prosent av aksjane.

– Årdal Energi går inn på eigarsida for å sikra den lokale forankringa. Det er også i tråd med vår satsing på fornybar energi. Det at Statkraft og leiinga i selskapet også går inn så sterkt i selskapet viser at det er mange som har stor tru på prosjektet.

Norsun fekk også i midten av juli stønad gjennom EU sitt innovasjonsfond på 54 millionar euro, noko som svarar til 620 millionar kroner med dagens kurs.

– Dette var utruleg viktig og veldig gledeleg. Me ser at ikkje berre Europa, men også land som USA satsar stort på solcelleproduksjon fordi dei ønskjer å gjera seg mindre avhengige av Kina. Dette har også Europa eit mål om, seier Smedegård.

Ambisiøs strategi

Administrerande direktør i Norsun, Erik Løkke-Øwre, er svært glad for å få med seg ein aktør som Årdal Energi på laget.

– Norsun har ein unik posisjon til å spela ei leiande rolle i oppattbygginga av solverdikjeda i Europa. Me er svært takksame for den tilliten Årdal Energi viser ved å delta i den no fullteikna emisjonen i Norsun.

Løkke Øwre legg til at Norsun har lagt ein ambisiøs strategi for vekst både i Noreg og internasjonalt, og at det difor er viktig å ha med sterke eigarar på laget som skal bidra til å sikra både utvikling av anlegget og fleire arbeidsplassar i Årdal.

TAKKSAM: Erik Løkke-Øwre, administrerande direktør i Norsun, er glad for å ha med seg Årdal Energi på laget. Foto: Morten Sortland

Morten Sortland