Kan visa til historiske tal: - Ein vinn-vinn-situasjon for både eigar og kundar

Aldri før har Årdal Energi Holding tent så mykje pengar.

2022 vart eit rekordår for Årdal Energi Holding. Konsernet hadde eit resultat før skatt på 64,2 millionar kroner.

- Overskotet er historisk høgt, og alle selskapa i konsernet har bidrege til dette resultatet, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding.

Konsernet består av dotterselskapa Årdal Kraftlag AS, Straumnett AS, Årdalsnett AS og Sogn Miljøkraft AS. I tillegg er konsernet tilknytta selskapa Seimsdal Kraft AS og Blutec Vest AS. Årdal Energi Holding har også 10 prosent eigardel i Offerdal Kraft AS.

Årdal Kraftlag AS har stått for den største inntekta til holdingsselskapet. Kraftlaget omsette i 2022 for 122 millionar åleine og kan visa til eit årsresultat før skatt på 50 millionar.

Smedegård forklarar at bakgrunnen for dei gode tala heng saman med historisk høge kraftprisar gjennom heile året.

- Marknadsprisen i vårt aktuelle prisområde hadde eit snitt på 192,65 øre/kwh, medan Årdal Kraftlag, som opererer med fast variabel pris, hadde snittpris på 69,72 øre/kwh. Så trass i dei høge kraftprisane i marknaden, har kundane våre nytt godt av ordninga med fast variabel pris, og ikkje minst straumstøtteordninga som har kome kundane til gode. Det betyr at kundane i Årdal Kraftlag aldri hatt så låge straumrekningar som i 2022, seier Smedegård.

- Korleis blir desse pengane no forvalta?

- Styret i Årdal Energi Holding AS tilrår eit ordinært utbyte til Årdal kommune på 15 millionar kroner. Dette kjem i tillegg til tidlegare utbytte på 4,9 millionar kroner. Så ønskjer Årdal Energi Holding å byggja eigenkapital for å leggja til rette for naudsynte investeringar i framtida. Det skjer mykje i bransjen, særleg med tanke på det grøne skiftet. Me har planar og visjonar for framtida og lyt difor styrka eigenkapitalen vår for å møte desse utfordringane, seier Smedegård.

Årdal Energi Holding AS har god soliditet og likviditet, og har ved årsskiftet ein konsolidert eigenkapital på 154 millionar og likvide midlar på 70 millionar.

Morten Sortland