Vår rolle i vindkraft-debatten

Årdal Energi er Årdal kommune sitt instrument for å sikre og utvikle energi til innbyggjarar og næringsliv. Som ein del av vår strategi skal me vera pådrivar for å utvikle fornybar energi. Me skal vera Årdal kommune sitt fagmiljø på dette område og me skal ta eitt aktivt samfunnsansvar.

Trygg, offensiv og lagspelar er våre verdiar. Sidan det blei lansert planar om vindkraft i årdalsfjella i fjor haust har det kome mange reaksjonar og medieoppslag. I samband med dette ønskjer Årdal Energi Holding å seia noko om vår rolle i denne saka.

Fred Olsen Renewables har vore i kontakt og forhøyrt seg om Årdal vil vera vertskommune for ein vind- og solpark på Sletterust. No har også Hydro kome på bana. Hydro ønskjer å gå i dialog med Årdal kommune om gjennomføring av ein konsekvensutgreiing for utvikling av vindkraft i Årdal og styrking av kraftnettet i Indre Sogn.

Ei slik utgreiing vil peika på fordeler og ulemper dette vil ha for ulike forhold i samfunnet. Sidan Årdal Energi er kommunen sitt fagmiljø på energi, er Hydro sin førespurnad vidaresendt til oss frå kommunen si side.

Me strekar under at det ikkje er opp til Årdal Energi å vedta bygging av ein vindpark i Årdal. Spørsmålet er om me skal seia ja til ei konsekvensutgreiing, og det har ikkje styret i Årdal Energi teke stilling til enno. Det blir heller ikkje tema på styremøte i mai. Til sist er det kommunestyret som avgjer om dette er noko Årdal skal vera med på.

Årdal Energi Holding har ikkje teke stilling til om me skal bli med på ei konsekvensutgreiing om vindpark i Årdal kommune.

Me styrer no mot eit kraftunderskot, både nasjonalt og lokalt. I dag har Årdal Kraftlag gjennom avtale med Årdal kommune tilgang på 111 GWh konsesjonskraft. Det totale forbruket i privat og næring i Årdal er 151 GWh. Det vil seia at Årdal Kraftlag sel betydeleg meir kraft enn konsesjonskrafta.

- Kva meiner Årdal Energi om kva eit mogleg vindkraftanlegg vil bety for Årdal?

- Det er nettopp det me må setja oss inn i. For oss handlar det om næringsutvikling og sikra at all kraft blir utnytta lokalt. Men me veit at vindkraft er eit omdiskutert tema og det er heilt avgjerande å få nok informasjon på bordet, seier Jan Stian Smedegård, dagleg leiar i Årdal Energi Holding.

- Treng me vindkraft produsert i Årdal for å vidareutvikla industrien vår?

- Hydro er klare på at gjennomføring av sine eigne og andre industriprosjekt i Årdal vil krevja meir kraft og nettkapasitet enn det som er tilgjengeleg i dag. I Noreg og fram mot 2030 ser Hydro særleg til vindkraft på land for å dekka sine kraftbehov og sikre sin konkurranseposisjon. Dei ser ingen andre moglegheiter som kan gje meir fornybar kraft i dette tidsperspektivet. Tilgang på konkurransedyktig kraft på langsiktige kontraktar er derfor avgjerande for Hydros investeringsevne- og vilje. Dei ønskjer å gå i eit partnarskap med Årdal Energi.

- Så kva no?

- Dersom me blir med på ei konsekvensutgreiing om vindkraft i kompaniskap med nokon av partane vil det bli brei involvering frå lokaldemokratiet. Då blir det ein open prosess med folkemøter og høyringar. Me har stor respekt for grunneigarar, nasjonale interesser som landskap, verkeområder og villrein, hytteeigarar og lag- og organisasjonar. Her er god dialog og lokal forankring det viktigaste. Uavhengig av dette, jobbar Årdal Energi kontinuerleg med planar og tiltak for å styrka kraftnettet i Indre Sogn og vasskraftanlegg. Her har me ein stor jobb framfor oss.

Om oss:

Årdal Energi Holding er eit aksjeselskap som vert regulert av aksjelova. Konsernet har tre dotterselskap: Straumnett, som er nettselskapet, Årdal Kraftlag, som er kraftselskapet og Årdalsnett, som er breibandselskapet. Konsernet har også eigarinteresse i selskap innan vasskraft, solenergi og fjernvarme.

Holdingsselskapet er heileigd av Årdal Kommune med ordføraren som generalforsamling. Verksemda er ei vidareføring av Årdal Energi KF, som vart omorganisert i 2019, pga krav om utskilling av nettdelen av selskapet.

Morten Sortland