Om Årdal Energi KF
Årdal Energi KF er eit innovativt energiselskap med 17 tilsette som ynskjer og etterleve målsetningar som kvalitet, effektivitet og å nytte moderne teknologi. Vidare ynskjer ÅE og gje våre straumkundar best mogleg service med rask kundebehanling og god service innstilling. ÅE har gjennom sine eigarar som målsetting å levera rimeleg kraft til alle våre straumkundar. Sal av straum begrensar seg likevel til vårt konsesjonsområde som er Årdal kommune. ÅE har difor ikkje anledning til å selje utanfor kommunegrensa.
ÅE har som hovudoppgåve og omsette ÅK si konsesjonskraft samt å forvalte vårt eige distribusjonsnett.
Vidare har ÅE ein entreprenørvirsomheit der ein leverer tenester innan høgspent og lågspent forsyningsanlegg opp til 22kV samt etablering av rørkjeder for breiband.
ÅE har og engasjert seg innafor:
- breibandselskapet Årdalsnett. ÅE ser på dette foretningsområde som framtidsretta med eit stort potensiale
- kraftutbygging lokalt, ved eigarskap i Seimsdal Kraft AS og Offerdal Kraftverk AS