a | a | a
  Søk



Kompensasjon ved langvarige avbrot

 

Norges vassdrag og energidirektorat (NVE) har vedteke endring i kontrollforskrifta som medfører at kundar med langvarig straumavbrot skal kompenserast økonomisk.

Endringa vert regulert av:
Forskrifta om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for  nettvirksomheten og tariffer 

Link til forskrifta

Når vert kravet om kompensasjon initiert:
Kriteriane for når kunden kan krevje kompensasjon for langvarig avbrot vert regulert av følgjande moment.

  • Straumavbrotet skal overstige 12 timar (sjå dei ulike satsane.)
  • Straumavbrot i høgspent og lågspent nett.
  • Avbrottidspunktet vert frå det tidspunkt ÅE fekk melding om straumbrot
  • Det er tilstrekkeleg at ein kunde melder frå om avbrot.
  • Sluttbrukar må fremme krav innan 10 dagar etter straumbrot.

Om fleire sluttbrukarar vert ramma av same avbrotet skal tida bereknast ut frå då den fyrste sluttbrukaren varsla ÅE. 

Anna:

  • For fritidsbustad kan ikkje kompensasjonen overstiga forventa nettleiga for inneverande år.
  • Kravet om kompensasjon gjeld ikke ved defekt i kundens installasjon.
  • Sluttbrukar må nytte registreringsskjema for å kunne fremme krav om kompensasjon.

 Satsar:

  • Kr 600 for over 12 timar avbrot til og med 24 timar.
  • Kr 1 400 for avbrot over 24 timar til og med 48 timar.
  • Kr 2700 for avbrot over 48 timar til og med 72 timar.
  • For avbrot over 72 timar vert det gjeve eit tillegg på kroner 1300 for kvar påbyrja 24timars periode avbrotet varar.


Klikk her for å søka om kompensasjon for langvarig avbrot