a | a | a
  Søk



Fagapplikasjonar

 

Nettinformasjonsystem NIS:

Som nettinformasjonsystem nyttar ÅE Powel ASA sitt system NETBAS. Dette er ein kartappliksjon med ulike modular for nettforvaltning og berekningar. ÅE har ein komplett database med samtlige kundar og nettdata registrert. Kundedata frå kundeinformasjonsystemet ELWIN vert overført slik at berekningar og analyser kan gjennomførast av ansvarlig for PLAN. Vidare er kartsystemet hovudgrunnlaget for våre utførande montørar for informasjon om nett i arbeidssamanheng. Planlegging av arbeide både ved NETTDRIFT og PLAN kan ved eit slikt system skje hjå energiverket utan vidare synfaring i distribusjonsnetett.

GPS innmåling:
Strategien til ÅE var ved registrering av sit nett å syte for at Topologi og komponentdata skulle vere optimal. Den geografiske orienteringen av kablar og linjer vart ikkje målt inn og registrert med GPS kvalitet. ÅE har i ettertid (2002) investert i DPOS, GPS utstyr og registrerar no alle anleggskomponentar nyare en 2002.

 

Vedlikehaldsystem NETPLAN:

NETPLAN er ein modul i ein eigenutvikla applikasjon (Fagdatabasen) for å ivareta fristar og gjennomføring av systematisk vedlikehald i distribusjonsnetett. Sporbarheit i gjennomførte vedlikahaldsrundar og utførte tiltak vert ivareteken.

Vedlikhaldsrundarsom ÅE utfører er:
 - Linjesynfaring
 - Nettstasjonar
 - Transformatorvask
 - Jordfeilsøking
 - Brytarrevisjon
 - Termofotografering 

 

Arbeidsordresystem ELA:

ÅE nyttar ELA for registrering av arbeidsordrer.  ELA er ein database applikasjon med moglegheitar for sortering, filtrering og sporbarhet. ELA har tett tilknytning til økonomisystemet RUBICON og lagerfunksjon.

Funsjon og virkemåte:

1. Arbeidsordre vert oppretta hjå formann.

2. Materiell vert registrert med strekode pen på aktuell jobbnummer.

3. Timar vert registrert manuelt av formann på aktuell jobb etter ferdigstilling.

4. Data vert overført til økonomisystem på filformat ved ferdigstilling.